ALLE ME! veka 2021 er rett rundt hjørna

Responsen på tiltaka i ALLE ME! veko har vore overveldande, og no gler me oss til ei hektisk veke. Nokre av arrangementa er det mange påmeldingar til, medan andre har me valt å utsette på grunn av litt få påmeldingar denne gongen. 

 

Til Fotballdagane for 6-12 åringane, onsdag-fredag, er det påmeldt 288 born, og prosjektgruppa er no i innspurten på planlegging av gjennomføring.

 

Det har vore stor velvilje blant ungdommane i klubbane, så det må rettast ein stor takk til alle dei frå Solid, Trott og Stord som stiller som instruktørar desse dagane.

 

Sjå meir info om fotballdagane her.

 

Seminaret for alle fotballinteresserte over 15 år har over 60 påmeldte – det er framleis plass til fleire – sjå info og meld deg på her.

Dommarsamling og 5`er cup for ungdom hadde òg god påmelding, men likevel ikkje noko til at me får gjennomført arrangementa slik me ønskte. Desse tiltaka blir difor utsett til veke 40.

Sjå meir info om dommarsamlinga her.

Sjå meir info om5`er cup for ungdom her.

 

Andre nyhende