Lansering av ALLE ME! onsdag 16. juni!

Onsdag 16. juni vart ALLE ME! lansert i Prestegardsskogen. 
Alle me! er eit unikt samarbeidsprosjekt der klubbane på Stord går saman for å hindre fråfall frå fotballen. Alle me! skal gi born og unge på øya motivasjon til å fortsette med fotballen. Gjennom trivsel, leik og læring vil Alle me! gi eit tilbod til alle. Initiativet til prosjektet ønsker å bryte ned barrierar mellom klubbane og gjera det lettare for klubbane å samarbeida. Me vil alle det samme, nemleg å gi våre born og unge gode opplevingar, og danne grobotn for eit livslangt løp i fotballen. Eller flest mogleg, lengst mogleg – i eigen klubb, som me seier. Alle klubbane på Stord og Fitjar står bak. Alle me! skal skape gode opplevingar for alle – saman med nye vener.Prosjektet, som vil gå over mange år, er for spelarar, trenarar, foreldre, frivillige, dommarar – fotballinteresserte i alle aldre. Det vert ei heil veke med ulike aktivitetar. Dato for arrangementa er 10. – 14. august.

 

Andre nyhende