ALLE ME! fotballdagane 2023
Solid, Trott og Stord samarbeider for 3 året på rad, og inviterer til AlleMe!-dagar, med mykje leik og læring, for alle fotballinteresserte jenter og gutar mellom 6 og 13 år
Måndag 14.aug – Onsdag 16. aug. Kl. 10.00 – 14.00
Hustrudalen: 6 (2017), 7 (2016) og 8 (2015) år
Prestegardskogen : 9 (2014), 10 (2013) og 11 (2012) år
Vikahaugane : 12 (2011) og 13 (2010) år
Pris: 300,-
Borna får servert frukt og sunn og god lunsj kvar dag.
Ungdommar frå alle 3 klubbane er instruktører / veiledere. På førehand blir dei kursa i fotballfag og i veiledning, og på bakgrunn av dette er det ungdommane sjølve som planlegg øktene. Det er vaksne med hovedansvar på kvart anlegg.
Dei eldste deltakarane, 9 – 13 åringane, vil få besøk av trenarar frå ein av toppklubbane i distriktet vårt.
Alle deltakarar skal få AlleMe! – hettegenser og t-skjorte.
AlleMe!-prosjektet har stort fokus på bærekraft og vil sterkt oppmoda om gjenbruk:
- Er dette første gong ein deltar på AlleMe!, legg inn str på klær i påmeldingsskjema og deltakaren får utdelt genser og t-skjorte første dagen.
- Har ein deltatt før, og har klær, så ber me om at ein bruker dette på AlleMe!-dagane.
- Har ein deltatt før, men klærne ikkje er brukbare lengre / er for små, så får ein sjølvsagt nytt. Legg inn str i påmeldingsskjema. Me ber då om at ein tar med og leverer inn det ein har, så vil me syta for gjenbruk av dette.
Påmeldingsfrist: Mandag 7.august kl.: 24.00

