ALLE ME! cupen

Kjære fotballungdom.

Takk for di påmelding til sommarens ALLE ME! cup.

Fristen for påmelding gjekk ut 2.august og det er diverre ikkje nok påmeldte til at det lar seg gjere å få arrangert ein slik cup det var planlagt.

Me hadde gledd oss til å arrangera cup for og saman med ungdom no rett før skulestart, så dette er me svært leie oss for.

ALLE ME! cupen blir utsatt til fredag 8.oktober (fredagen før haustferien) og me håper du og dei andre påmeldte vil delta då. Me lar dei påmeldte stå på lista, så vil me fram mot 8.oktober jobbe med å rekruttere endå fleire deltakarar.

I førstkommande møte i prosjektgruppa vil me evaluera planane våre for dette cup-prosjektet for å finne ei form som treff og fristar flest mogleg ungdom.

Har du innspel til korleis me kan arrangera ein kjekk 5`er cup som fleire vil vera med på så håper me å høyre frå deg.

Om du ikkje ønsker eller har anledning å delta 8.oktober, så gi oss ein lyd så vil me betale tilbake deltakeravgifta.

Beste helsing
for ALLE ME! prosjektet
Grethe Fadnes
41201608 – Grethe@Fadnes.com