ALLE ME! dagane 2022
Gjennom samarbeidsprosjektet ALLE ME! inviterer Solid, Trott og Stord fotballinteresserte born mellom 6 og 13 år til felles fotballdagar med mykje leik og læring:
Onsdag 10.- fredag 12.august kl 10.00 – 14.00
Hustrudalen 6 og 7 år
Prestegardskogen 8, 9, 10 år
Vikahaugane 11, 12, 13 år
Instruktørar er vaksne og ungdommar på 14-19 år frå alle dei tre klubbane.
Dei eldste deltakarane, 11-13 åringane, vil få ei økt kvar dag med ein ekstern trenar frå ein av våre toppklubbar.
Det blir servert frukt og lunsj frå Urt & Ugras kvar dag.
Deltakarane vil få utdelt ALLE ME!-hettegenser.
Me er opptekne av bærekraft. Me ber dykk som har fått utstyr før tenke over om de treng nytt. Dersom de har utstyr frå i fjor kan dette brukast om att.
Deltakaravgifta er berre 300,- pr deltakar – så her får ein mykje kjekt for pengane.

