ENDELEG ALLE ME! CUP 2022

Fredag 12. november er det endelig klar for ALLE ME! cup. Det er allereie kring 60 påmeldte, men me håpar å nå det doble. Det er veldig greit om trenarane til laga frå J13/G13 (2008) til og med G19/J19 informerer og minner på påmelding. 

Cupen vart arrangert på Solid sitt anlegg. I tillegg til fotballspeling vert det god mat av Urt & Ugras, sosialt og ALLEME!-artiklar 🙂 

Spelarane blir delt inn i lag av trenarar frå Stord, Trott og Solid. Alle vil få laga sine presentert når ein kjem på cup’en. Dette er ein 5’er cup, så laga vil bestå av 6-7 spelarar – aller helst med spelarar frå dei ulike klubbane samla på kvart lag. Me prøver å få til at spelarar fra seniorlaga til Solid, Stord og Trott er lagleiarar.

Jenter 2008, 2007 og 2006 speler i ei pulje.

Gutar 2008, 2007 og 2006 speler i ei pulje.

Jenter 2005, 2004 og 2003 speler i ei pulje

Gutar 2005, 2004 og 2003 speler i ei pulje.

Om det skulle vise seg at det ikkje lar seg gjere, grunna lite påmelding i nokre klassar, vil me prioritere å halde alderstrinna delt og heller blande gutar og jenter.

Kampane blir spelt på Nysæterbanen og vil vera på ein omgang a 25 minutt. Alle laga speler minst 4 kampar før det blir  sluttspel. Meir spesifikt reglement og kampoppsett kjem når talet på deltakarar er klart. 

Frist for påmelding er 29. oktober. 

Har du spørsmål om cupen kontakt
Grethe Fadnes
41201608 – Grethe@Fadnes.com